Utstillinger

Nåværende utstilling

14. august – 7. september 2014

Birds-Father and Mathematics-Balbakken 2

MUNAN ØVRELID
”Stein vann vind fugl blomst”

Vi høyrer verken vinden eller regnet før dei møter og rører noko, eit tre eller eit hus. Ein ting eller eit fenomen vert ofte oppfatta gjennom noko anna. Tid registrerer vi i tal etter sola si tilsynelatande ferd over himmelen, som eigentleg er jorda sin rotasjon rundt sola og rundt sin eigen akse.

Med utgongspunkt i tre ulike stader handlar utstillinga «Stein vind vann fugl blomst» om å sansa gjennom registrering, avtrykk og material, i eit spenn av teknikkar frå matematikk til teikning, fotografi, lyd og grafikk. Der er grafar og komposisjonar utanfor menneskeleg kontroll og perspektiv, objektiv matematikk og unike relasjonar.  I «Foss, fjell, stein, hav, vind, Seydisfjordur mai-juli 2014» har Munan Øvrelid latt naturkreftene skapa lyd og bilete gjennom tre koparplater, ei vart senka utfor eit stup i vind, ei ned i ein foss og den tredje i bølgjene i havet. Rørslene mellom det sensitive metallet og vatn, vind, stein og fjell har forma komposisjonar som så er trykte til grafiske bilete. Vibrasjonane i platene er tekne opp med kontaktmikrofonar. Lyd- og vindstyrkane er målte og tala er gitt tilsvarande fargar frå stein, jord og planter på stadene.

Viss vår oppleving av eit augneblikk hadde vart lenger kunne vi sett planter veksa og fjell endra seg i møte med vind og vêr. No er desse endringane for langsame til at vi kan sansa dei direkte, anna enn gjennom å hugsa, måla opp eller fotografera. I verket «Blomst, bukett, Berlin mai-august 2013» er tal over vekst i blomar frå frø til visna bukett i fire balkongkassar, utgongspunkt for ekspressive men systematiske strekar med blekk, som er skorne inn i ei treplate. Kvar strek representerer ein cm blom pr måling, slik at biletet viser ei fortetting av alle tidspunkt der plantene vart målte, på ein gong.

I installasjonen «Fugler, far og matematikk, Balbakken oktober 2012 – april 2013» er fuglar og vêr registrerte gjennom ein vinter av far til kunstnaren. Han er ein pensjonert matematikar som har flytta på hytta og starta med fuglekikking og teljing, i tillegg til sine komplekse variablar. Aktivitetar og liv rundt eit tre i sju månader dannar grunnlag for ein graf i stål, ein serie tusjteikningar, eit fotografi og grafiske trykk frå plater frå bakken under treet. Ved at tal på fuglar er gjort om til tid og kvar art har fått sin farge, er nummera introdusert inn i ei materiell verd igjen, i livlege møte mellom farge, vatn og papir. Tal på fuglar og fuglelydar er òg brukte som utgongspunkt for eit lydarbeid i sju komposisjonar etter logiske system produsert i lag med Marcellvs L.

Matematikken kan visa oss ting og samanhengar vi ikkje kan sansa direkte. Det same gjer installasjonane til Munan. Der finst ei interesse for å sjå og høyra gjennom tal, objekt og abstraksjonar, både med og utan ein fortolkande avstand, for å undra seg over det som unndrar seg, det som vi berre kan ana eller anta. Sjølv om verka er svært ulike i vesen heng dei saman i ein underleg skala av bilete frå dei aktivitetane, kreftene og tidene som fanst på stadene, der mennesket berre spelte ei av rollene. Prosessane startar med tal eller endar opp i tal via direkte avtrykk av møte mellom material og krefter i naturen. Blekk trekker inn i treverk, pigment løyser seg opp i vatn som drar det oppover på papir, og vind og vatn slår metall mot stein.

Dei grafiske trykka er laga utan avstand, dei er direkte registreringar av vêr, vind og dyreliv. Oppfattar vi dermed komposisjonane i dei som tilfeldige? Sjølv om mennesket ikkje påverkar resultatet, spelar materiala sine eigenskapar og naturlovene inn. Det finst ikkje eit skapande subjekt som styrer bileta, det er vatn, vind, metal, treverk, blekk, papir, fuglar og havstraumar som agerar. Er der vilje eller meining bak kreftene i naturen? Blir bileta informative og objektive på lik linje med matematikken, sjølv om dei viser eigenskapar i unike møte? Kan der finnast djupare strukturar sjølv om alt er unikt og individuelt? Finst det enklare strukturar bak det komplekse? Eller er alt ei rekke tilfeldigheiter heilt tilbake til The Big Bang?

Det finst ingen lover eller rasjonelle svar på meininga med alt, og kanskje er det det som er det rasjonelle svaret, fråværet av eit positivt svar. Og kanskje er den konstante endringa den grunnleggande samanhengen vi finn. Sjølv om fossen konstant flyt og sprutar avgarde og aldri er lik, ser vi den og som ein fast storleik. I antikken kom Zeno fram til at rørsla i seg sjølv er ein illusjon, for om ein deler tida opp, kan ein ikkje røra seg mellom dei minste delane, for mellom dei er der inga tid igjen til å bevega seg i. Bergson snudde det på hovudet og sa at alt det resonnementet syner oss er at ei rørsle ikkje lar seg måla og ikkje kan delast opp i punkt. «Og sjå, alt er tomhet og jag etter vind», sa forkynnaren i Bibelen, og han meinte ikkje verda i seg sjølv, men menneska sitt strev etter glede og rikdom. Mennesket føler stadig at det har gløymt eller oversett noko, noko manglar, og dette kjem av at våre konsept ikkje heilt passar overeins med det dei viser, i følge Adorno. Individuelle ting er ikkje identiske med sine omgrep. Han meinte at vi må vera oppmerksame på at det alltid vil vera noko til overs mellom våre tankar, bilete og ord og det vi tenker på. Og sidan livet alltid vil overgå vår kunnskap og kontroll, må vi bruka ei utopisk innbillingskraft, vi må vera leikne og vi må stilla grunnleggande spørsmål om igjen og om igjen.

Objekta er unike i augneblikket, der dei stig opp frå eit uobjektifiserbart djup mot vår overflatiske erkjenning og kunnskap, mens vi tel dei. Det tek havstraumane 500 år å gå rundt jorda, vatnet i fossen har regna ned på heilt andre stader tidlegare og vore del av organismar og kroppar, vinden drar lufta rundt jorda i løpet av 18 månader, karbon vi har pusta ut kan no vera del av eit tre i sørlegare strøk der trekkfuglane held til om vinteren. Vi er del av desse prosessane og stoffa. Verda er inne i vårt medvit og i vårt språk, men samtidig er vi, medvitet og språket òg del av verda.
Randi Nygård

noname-web

MARIT VICTORIA WULFF ANDREASSEN
«Future Rewinded»

Marit Victoria Wulff Andreassen viser verket Future Rewinded og utvalgte arbeider som relaterer til dette verk i Tegnerforbundets Prosjektrom. Future Rewinded består av 9 bearbeidede skoleplansjer fra tidligere tiders Kristendomsundervisning.

Andreassen beskriver verket som: Et av mange verk som blir til samtidig som jeg har større prosjekter gående. Sideworks, uplanlagte arbeider som etterhvert tar plass og blir like viktige for meg som hovedprosjektene.

Verket ble vist under utstilingen Tegning NÅ i Skien Kunsthall sommeren 2013.

Bilder fra utstillingen