Nyhet

Månedens tegner: Brynhild Winther

Feb 1, 2018

Brynhild Winther (født 1981) har vært medlem i Tegnerforbundet siden 2017. Hun lager installasjoner med tegning, tekst, skulpturer og objekter. Installasjonene er befolket av dyr, menneskeskapte gjenstander og fragmenter av natur. Gjennom kunsten sin stiller Winther spørsmål ved vår forståelse av verden, og hvilke konsekvenser denne forståelsen får for livet på jorden. I 2017 mottok hun Pedros minnefonds pris. Brynhild Winther bor og arbeider i Bergen. Mer informasjon om Winthers arbeider er tilgjengelig på kunstnernes hjemmeside.

TF: Brynhild, kan du fortelle litt om ditt kunstneriske virke? 

BW: Mitt ytringsbehov og den naive ideen om at kunst kan skape endring er ei viktig drivkraft for meg, kombinert med at eg likar å gå meg vill med vilje for å oppdage nye ting. Eg har bestemt meg for at om verda kan sjåast som ein lingvistisk konstruksjon, så eksisterer det eit potensiale for å endre verda gjennom språket. Teikning er mitt hovudspråk og kan ikkje omsetjast til ord i sitt totale innhald. Ord flatar ting ut og gjer dei meir forståelege, som om verda var enkel nok til å passe inn i ord. Eller som om det kunn eksisterte ein logikk (menneskeleg logikk). Teikning er ikkje bunde av grammatikken sine reglar og rammer. Det ligg ikkje til min natur å følgje reglar, og om eg prøvar å gjera det snublar eg ofte.

TF: Hvordan bruker du tegning i arbeidet ditt? Kan du fortelle litt om arbeidsprosessen din?

BW: Tidlegare såg eg teikning som forarbeid. For litt over 5 år sidan slapp eg teikningane ut av skissebøkene (og slutta å bruke skissebøker). Når eg teiknar jobbar eg ikkje med ein plan eller ser for meg eit resultat, men startar med noko eg prøver å gripa tak i, som om blyantstrekane var feller ein kunne fanga dyr, eller (små bitar av) heile verda i. Å teikne er for meg eit forsøk på å forstå ting. Ei slags form for viviseksjon av ting som eksisterer utanfor rekkevidda av ord. I teikning tenkjer eg høgt med hendene. Det dukkar opp teoriar som blir skrevet ned som påstandar eller fragment i skissebøker eller direkte på teikningane. Men, ikkje alt kan omsetjast til ord, og om det hadde gått ann hadde det å teikne ikkje hatt nokon hensikt for meg. Eg set ofte saman teikningar og anna til installasjonar for å spegle min måte å sjå eksistensen; om du går nær og fokuserer på detaljane, mistar du oversikta, står du på avstand og trur du har oversikt, har du mista kontakten. 

TF: Hva inspirerer deg? Jobber du ut fra et tema?

BW: Eg jobbar ikkje med ”prosjekt” eller avgrensa tema, men jobbar alltid med det eg er oppteken av der og då. Eg les mykje, og i teikneprosessen dukkar det ofte opp motsvar til ting eg har lest, eller diskusjonar med andre sine teoriar. Teoriane mine ligg i grensa mellom empirisk og det irrasjonelle fordi dei baserer seg på min personlege logikk og erfaring. Det eksisterer òg somme linjer som går att i mine arbeid, som kan trekkjast attende til mi fortid som sleggjemekanikar i Nordsjøen, til mi oppvekst på gard, at eg i nokre år brukte mest tid åleine på fjellet, samt mi barndomsforelsking, Renè Descartes og ting eg skulle ønske eg kunne diskutere med han. 

TF: Hva jobber du med for øyeblikket?

BW: Eg er for tida oppteken av korleis gallerirommet og laboratoria separerer ting frå verda, og korleis ein trur at ei djupare forståing/”sanning” skal kunne oppstå i desse reduksjonistiske grottene. I arbeida knyt eg laboratoriet saman med ritual og objekt-fetisjisme, språk og alt anna som dukkar opp på vegen. Delar av det eg jobbar med no vil bli vist på Oppland Kunstsenter 27. oktober til 16. desember 2018, og noko anna vil bli vist på MA-utstillinga på Bergen Kunsthall som opnar i april 2018. Dei kan lesast i samanheng, men det blir ikkje dei same arbeida. 

TF: Hva betyr det å tegne for deg og ditt arbeid? 

BW: Eg tenkjer abstrakt og i metaforar før delar av det blir omforma til ord. Å teikne med begge hendene og på ulike måtar, er for meg å tenkje frå ulike perspektiv og å vera fysisk tilstade i tanken. 

TF: Kan du til slutt fortelle litt om dine arbeider i Tegnerforbundets salgsavdeling?

BW: Spikarhol og spor i papiret er vesentleg. Papir kjem frå planter, og eg likar å spikre hytter av gamle plankar og papiret har i seg ein bit av skogen og eg prøver aldri å vera varsam med papiret eller med teoriane som dukkar opp…Eg likar ideen om skogen som ein metafor på det underbevisste, og kva det betyr i relasjon til hundar som tygg på pinnar. Elles vil eg vil ikkje forklare, fordi mine ord kan eliminere nye lag frå å oppstå i arbeida, og fordi mine teoriar i teikningane verken er fasitar eller meint for å stå åleine i ein statisk posisjon. Teikningane får klare seg sjølv, og eg håper at dei har i seg eit utgangspunkt, eit potensiale for at andre kan gå seg vill.